The Norwegian lyrics for "The Awefull Battle of the Pekes and the Pollicles". There are two main translations:
- Nynorsk translation by Bjørn Endreson for Oslo 1985
- Bokmål translation by Runar Borge for Oslo 2009
Oslo 1985[]
Credit to jemimamoon
"Om det store slaget mellom Daksar og Terriar"
Om det store slaget
mellom Daksar og Terriar
og samstundes nokre ord
om dei andre som slost der,
nokre Bassar og Biglar,
og kva han gjorde med det, Ron Røvarkatt.
Små Bassar og Biglar er sjeldan i ro,
dei likar ikkje lukta av annanhunds blod.
Men det hender dei ligg der, mette og mo.
Pekingesar og Daks som vi seier er sky,
dei mislikar slåsting, har likevel ry
for å koma til dans om nokon vil by.
Det går
vov vov vav vav
vav vav Vov Vov
som første signalet til bikkjenes show.
Men no sjølve soga om bikkjenes spel:
Det er mogleg dei keia seg nesten i hel
(ei veke er lang for ei bikkjeleg sjel).
Den grå Politihunden var kje på plass,
eg veit ikkje kvifor, men naboen trur
han låg på Stasjonen og tok seg ein lur.
Så gata var ledig for Bigel og Bass
da dei endeleg kom, og stod tass imot tass,
stod pal som om begge forlangte eit pass,
og dei flekte litt tenner og knurra i trass.
Så byrja dei:
Vov vov vav vav
vav vav Vov Vov
Og dei som sat ned no med te, fekk ikkje fred.
Alle veit, sjølv om mange er uenig i
at ein Basse sitt heimland er fransk Normandie.
Så da fleire Bassar fekk teften av bråk,
kom Bassar i døra i annankvar kåk,
og dei pludra i veg med sitt nordfranskespråk,
for ein franskmann som lever i framand regi,
han må alltid få vovve ein fransk melodi.
Men ein Bigel er langt mindre trassig og sår,
han har levd i sitt heimland minst fem hundre år.
Det finst hundar av mange slags rasar:
Chihuava, Hriard, Pomerán,
Retrivar, Saluki, Alsassar,
Maltesar og Kvit Afrikaan,
Shih Tzu, Samojed og Kaukasar
og Afganar frå Øvre Iran.
Pass no på, du som masar og sjefar sånn,
eg kan òg vera bisk og spontan,
for eg heiter no Pink Pekingesarson!
Om du trugar, så tar eg 'kje tran!
Så kom terrierskokken som likar å bite,
dess mindre dei er, dess meir vil dei slite.
Dei hadde med pipe i sekk og dei spelte:
"Å, vår Dronning Maria, kom att!" før dei vrælte.
Pekingesar og Dakshund fann tone og ord
på tak og veranda i sjølvblanda kor.
Så gøy
med litt gøy
som gjekk:
Vov vov vav vav
vav vav VOV VOV
som toppen av bikkjenes krigarske show.
Mens desse så modige heltane ivra,
så stansa trafikken og jorda, ho bivra.
Og høgt oppå hemsen sin vakna ein mann
og ringde 018 og sa det var brann.
Da plutseleg var det at bikkjene skvatt,
for opp av ein kjeller kom Ron Røvarkatt.
Eit augnepar lyste lik trugande loger,
og bikkjene stod der lik usagde soger.
Ron geispa og blunda og lyfte på halen,
ein katt kan kje sjå ut meir bustut og galen.
Så stirte han om att og pussa på barten
mens Bassar og Biglar stod vakne påfarten.
Han gjorde eit byks, denne sterkaste pus:
Alle bikkjer stakk unna lik vettskremde mus.
Så kom politihunden att og gjekk vakt
og såg ikkje noko av det eghar sagt.
Sjellikar skal og hundar skal.
Terriar skal og kattar skal
lik kjær og venn bli jord igjen.
Oslo 2009[]
(Not available - please help to add the lyrics)